Kulturskulen

”Å meistre som liten er å lykkast som stor” 
 

  • Sund kulturskule har undervisning på Stranda skule, på Skogsvåg skule, på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet og på Glesvær ungdomshus.
  • Kulturskulen har ikkje aldersgrense, men prioriterer barn og unge.
  • Kulturskulane i Sund, Fjell og Øygarden samarbeidar tett og har felles søknadsskjema. Ein skal fylle ut eitt skjema per kurs. Frist for hovudopptak er 31.mai, men av di det kan vere ledige plassar er det mogeleg å søkje om opptak heile året.

 

TILBODA I SUND KULTURSKULE

Gruppeundervisning

  • Småbarnsgrupper 2-3 år, 4-5 år (Aktivitetssenteret)
  • Dans og drama Frå 5. klasse (Ungdomshuset på Glesvær)
  • Dans og drama Introduksjonskurs  For småskuletrinn og mellomtrinn (på skulane)
  • Ukulele (Glesnes skule)
  • Musikk/bandundervisning (Stranda skule)
  • Film (Aktivitetssenteret)
  • Musikk/drama (Stranda skule, 5.-7. trinn)

Nærare om tid og stad ved påmelding. Oppstart er avhengig av nok deltakarar. Grupper får undervisning frå 30 min til halvannan time, avhengig av instrument, fag og gruppestorleik.

 

Individuell undervisning

  • Diverse tangentinstrument –piano og keyboard
  • Gitar – akustisk gitar og el. gitar
  • El. bass
  • Slagverk og perkusjon – rocketrommer og latinperkusjon
  • Vokal – klassisk/vise/jazz/pop
  • Undervisning i andre instrument er mogleg om det er mange nok interesserte

Individuell undervisning varar i 20 minutt, med undervisning kvar veke. Nokre elevar har time saman i mindre grupper, dei får då meir tid.

 

Den årlege undervisninga i Sund kulturskule følgjer eiga skulerute, som er på 38 veker og kan avvika noko i detalj frå skuleruta på den enkelte grunnskulen. Undervisninga føregår til vanleg måndag-fredag, men kan i somme høve bli lagt som helgeseminar. Undervisningsåret er delt i to semester.
 Elevane må ha høveleg øvingsinstrument heime. 

Kontingenten for eit semester er kr 1300.

 ELEVREGLEMENT VED SUND KULTURSKULE – 2014 (L)(214171_1_P)_O

 

Har du spørsmål til Sund kulturskule, kontakt rådgjevar Hilde Kristin Egeland, e-post: hilde.k.egeland@sund.kommune.no. Tlf. 971 78 832.

 

Søk HER!

Vi ønskjer å gje elevane ved Sund kulturskule eit inspirerande og lærerikt kulturskuleår!

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *