Kommunedelplan kultur

Kommunedelplan for kulturSundKommune_kulturplan20122022

I saksgruppe levekår og nærmiljø 2. mai 2012 vart det gjort vedtak om å senda Kommunedelplan kultur for Sund kommune 2012 – 2020 ut på høyring.

Dersom ein ynskjer planen i papirutgåve, kan ein henta eit eksemplar på kulturkontoret.

Dei som ynskjer å gje innspel på planen sender det elektronisk til postmottak@sund.kommune.no eller pr. post til Sund kommune, Postboks 23, 5371 Skogsvåg.

HØYRINGSFRIST: 30. JUNI 2012

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Tur til Veten 5.mai

 

Skal vi utfordra nokre grenser?
Har du lyst å koma opp på det høgste fjellet i Sund kommune, men kjenner på at du kanskje ikkje heilt maktar det?

Laurdag 5.mai arrangerer vi tur til Veten for deg som ikkje har vore der på ei stund og kanskje treng litt hjelp og assistanse på vegen. Continue reading

Posted in Folkehelsearbeid | Leave a comment

Biblissen

Barn frå 0 – 1 år med foreldre er velkomen til ei koseleg stund med song, rytme og bevegelse på biblioteket onsdag 28.mars kl.13. Det er fint om foreldra tek med ei ekstra pute.

Posted in Bibliotek, Biblissen | Leave a comment

Hjelp oss å halde oversikt over kulturtilbodet til barn og unge

Hausten 2011 laga vi ein foldar med oversikt over tilbod til barn og unge i Sund. Her treng vi hjelp til å halde informasjonen oppdatert. Gje oss tilbakemelding om tilbod som manglar, tilbod som ikkje eksisterer meir eller kontaktinformasjon som treng å bli oppdatert. Foldaren finn du i PDF-format her:  KULTUR OG FRITID

Posted in Uncategorized | 1 Comment

INVITASJON TIL TURLAGSMØTE

Er du glad i friluftsliv? Da er dette møtet noko for deg!

Vi inviterer alle turglade til Sund folkebibliotek måndag 30.januar kl 18.00.

På bakgrunn av eit fellesmøte sist haust med vandrarar frå Øygarden, Fjell og Sund, kom det opp eit ynskje om å oppretta lokale turlag i alle kommunane som avdelingar av Bergen Turlag (BT) og Den norske turistforening (DNT). Fokuset ligg på aktivitet for små og store, men her skal det vera noko for alle aldersgrupper. Å arrangera trilleturar, ungdomsaktivitetar og seniorgrupper treng organisering. Intensjonen med Sund turlag er at den som ein frivillig organisasjon kan arrangera friluftsaktivitetar, laga turprogram, stilla med turleiarar og dela si eiga turglede med fleire.

Lokalkjende medlemer i det nyetablerte turlaget kan også hjelpa oss med å vera leiarar på lette vandringar som førebuing til Kulturdagane i Sund. Det ligg i løypa at ein satsar på mange friluftsarrangement i krinsane i denne perioden i juni. Søndag 17.juni ynskjer vi å få med oss flest mogleg til Veten. Her kan mange få gode natur- og kulturopplevingar i frisk luft. Det er folkehelse i kvart eit steg! Det er også eit ynskje å få opparbeidd nærmiljøløyper som barn og vaksne finn i gangavstand frå heimen. Det betyr mykje å vera aktiv kvar dag. Gjennom samarbeid med BT og DNT får vi del i all den kompetansen dei rår over, vi kan læra korleis vi best kan driva lokalt i Sund, vi kan samarbeida om aktivitetar for barn, ungdom og vaksne og få tilgang til turisthytter i heile landet. I tillegg får medlemene informasjonsblad, årbøker og kurs. Bergen Turlag vil vera til stades på møtet og hjelpa oss å koma i gang. Det same vil Askøy turlag, som starta opp som ei avdeling til Bergen Turlag i fjor.

Kjem du?

Med venleg helsing

Laila Klemetsaune                                                       Jane-Britt Daae

Sund kommune                                                           Bergen Turlag

Posted in Uncategorized | Leave a comment

UKM 2012

Laurdag 28. januar er det tid for fellesmønstringa for Fjell, Sund, Øygarden og Askøy.

PROGRAM (kortversjon)
12:00 Opning, kunstutstilling, start kategori klassisk/vise/pop
16:30 Teater/dans/musikal
18:30 Rock

I år har vi rekordstor påmelding til mønstringa med tilsaman 191 påmeldte, fordelt på 83 innslag.

Deltakarar som representerer Sund i mønstringa:

Marius Schurmeyer (Ashes of Her Memory)
Per-Arne Aadland (Ashes of Her Memory)
Stian Blikberg (Ashes of Her Memory)
Toril Dahle (Ashes of Her Memory)
Torstein Viksøy (Ashes of Her Memory)
Danielle Rodgers
Henrik Dørum (Istårn)
Nichlas Håvik (Istårn)
Tommy Rosenberg (Istårn)
Lene Mortensen
Thea Ekerhovd
Emil Bjånes (Master of Madness)
Erik Haatuft (Master of Madness)
Marius F. Myren (Master of Madness)
Severin H. Nygård (Master of Madness)
Ruben Moe
Rutha Sangolt
Shannon Neverdal
Simen Berge Børnes
Joakim Trellevik (Skitne Forretninger)
Roar Førde (Skitne Forretninger)
Simen Børnes (Skitne Forretninger)
Stian Viksøy Nøkleby (Skitne Forretninger)
Vegard Vardøy (Skitne Forretninger)
Vilde Rabben Olsen
Cecilie Tveit Vilde
Ingvill Elise Spilde
Vilde Sangolt Ekren

For meir info sjå www.ukm.no

 

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Skrivekurs for eldre på biblioteket
Oppstart: 1.februar

Kursdagar: 10 onsdagar frå februar til mai
Tid: kl 12.00 – 14.00
Lærar: Odd Sætre

Påmelding til biblioteket innan 27.januar
Max 10 deltakarar

Kostnad: Gratis

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Sundfilmen

SUNDFILMEN Johannes Evensen Hummelsund som skreiv på eige initiativ ”Bygdebok for Sund” i 1970, gjorde alt frå 1947 ei rekke filmopptak av folkeliv og lokal kultur i Sund. På slutten av 1970-talet vart dei beste opptaka redigert saman il ein film som fekk ei lengd på 25 min. Redigering og lydlegging vart gjort av hans kr Bukholm. Kommentarane vart lesne av Ingemund Midttveit. No er originalfilmen digitalisert og lyssett, denne gongen med best mogleg utstyr frå NRK. Johannes Evensen sine verdfulle opptak frå tida rett etter krigen framstår skarpare og med friskare fargar enn det som hittil har vore mogleg. Vi håper og trur at filmen kan vera til glede og nytte for nye generasjonar i Sund. Det kan samtidig vera ein gåve-ide til folk som har levd ei stund i kommunen eller til dei som har flytta herifrå, men som framleis set pris på røtene sine. Sundfilmen på dvd er å få kjøpt på biblioteket !

Posted in Uncategorized | Tagged | Leave a comment

Helene Uri

På torsdag 24/11 kl.18 kjem Helene Uri til biblioteket.  Ho fortel frå forfattarskapen og les frå bøkene sine.
Posted in Uncategorized | Leave a comment

Lystenning på Veten

LYSTENNING PÅ VETEN Ordføraren inviterer til søndagstur. 1.søndag i advent (27.nov) skal lysa på Veten tennast. Oppmøte parkeringsplass Førde kl 12.00. Aktiv kvar dag. Folkehelse i kvart eit steg!

Posted in Uncategorized | Leave a comment