Kulturplanen

Sund kommune har som mål å «fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.»

Me er difor glade for å presentera ein innhaldsrik, lettlesen, oversiktleg og vakker (!) kulturplan for 2012 – 2022, som tek for seg visjonane og tiltaka for satsingsområda til kulturkommunen Sund: Sund folkebibliotek, Sund kulturskule, Barn og unge, Seniorar, Idrett og friluftsliv, Folkehelse, Kulturminne og kulturarv, Levande kystkultur og IKKUS (interkommunalt kultursamarbeid).

Fine opplevingar, meiningsfylte aktivitetar og kreativ utfalding rører ved kropp, sjel, intellekt og kjensler. Engasjement og meistring gir livsglede. Bla i kulturplanen og les korleis Sund kommune ønskjer å leggja til rette for dette!

 

2 svar til Kulturplanen

  1. Laila Klemetsaune seier:

    Dialogmøtet med frivillige 17.01.11 gav mange fine innspel til kulturplanen. Om lag 30 personar bidrog til ein engasjerande og inspirerande dialog om viktige spørsmål. Grendalag og velforeining, musikk- og idrettslag, ungdomslag og ungdomsklubb, speidarar, dataklubb, båtlag, husflidslag, folkedanslag og turlag var representerte. Det viser mangfaldet av frivillig arbeid i Sund. Vi er svært glade for den breie deltakinga. Det gir det beste utgangspunkt for at vi skal få ein kulturplan som vert tenleg for oss alle. Vi held kontakten i det vidare arbeidet.

    Neste dialogmøte om kulturplanen vert med rådsorgana i Sund. Ungdoms-og eldreråd, musikk-og idrettsråd og rådet for menneske med funksjonshemming vert inviterte til dialog med prosjektgruppa (kulturadministrasjonen) og saksgruppe Levekår og nærmiljø måndag 21.mars.

  2. Jorge seier:

    Dialogmøtet med frivillige 17.01.11 gav mange fine innspel til kulturplanen. Om lag 30 personar bidrog til ein engasjerande og inspirerande dialog om viktige spørsmål. Grendalag og velforeining, musikk- og idrettslag, ungdomslag og ungdomsklubb, speidarar, dataklubb, båtlag, husflidslag, folkedanslag og turlag var representerte. Det viser mangfaldet av frivillig arbeid i Sund. Vi er svært glade for den breie deltakinga. Det gir det beste utgangspunkt for at vi skal få ein kulturplan som vert tenleg for oss alle. Vi held kontakten i det vidare arbeidet.
    +1

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *