Kulturminnevern

Kulturarven har stor verdi i lokalsamfunnet. Alle kulturelle referansar er knytt til eigenart og identitet. Fortida er viktig å kjenna for å forstå samtida. Kulturminna seier noko om levevis og livsvilkår i Sund. Dei kan gje perspektiv og erkjenning for nye generasjonar. Opplevingar og kunnskap knytt til kulturarven er viktig for å kunne ta vare på det som er verdifullt. Med respekt for det gamle, kan vi også vera nyskapande.

Kulturminnelova definerer kulturminne som alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, også lokalitetar som det knyt seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til.

Vi snakkar om materielle og immaterielle kulturminne. Den første gruppa er til å ta og kjenna på, mens dei immaterielle kulturminna er dei som lever vidare som kulturytringar i skriftleg form, eller som eventyr og historier, song og dans.

Kulturminna inngår i kulturmiljø eller kulturlandskap. I rullering av kommuneplanen vert det tatt omsyn til lokalt viktige kulturmiljø og landskap i arealdelen. I det nasjonale registeret ”Askeladden” er det registrert alle automatisk freda kulturminne. Dette er kartfesta i det digitale kartverket i kommunen.

I vår region er det planar om å få ei registrering av kulturminne som ikkje er freda, men som er verdt å ta vare på og ta i bruk. Gjennom verdiskapingsprogrammet til Riksantikvaren 2006-2010, har Sund fått restaurert 4 fysiske kulturminne gjennom prosjektet Perler i Nordsjøløypa: Taket på Bygnaden (Trellevik kystkultursenter), Selstøbuene, Selstøkverna og Den gamle gravstaden i Telavåg. Gjennom stor frivillig innsats står desse kulturminna klare til bruk, til glede både for folk i Sund og tilreisande. Ved å vandra i Nordsjøløypa, kjem vi tett inn på kulturminna. Med guiding og organiserte aktivitetar, får vi nye og rike opplevingar ute i kulturlandskapet.

Riksantikvaren vil no satsa meir på fartøyvern og kystkultur. Sjøvegen var tidlegare den viktigaste transportåra. Sund har mange store og små båtar som er verd å ta vare på og ta i bruk. I dag vil dei helst kunne braukast i fritid og reiselivssamanheng.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *