Kleppevik minnefond

Stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond

Stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond vart oppretta av Sparebanken Vest i 2002 med føremål å fremja kystkulturen i Hordaland. Kvart år deler styret for stiftinga ut ein pris som skal gå til einskildpersonar, lag og organisasjonar som på ein framifrå måte fremjar kystkulturen i Hordaland.

 

Følgjande har fått prisen til no:

  • 2002 Robert Skjoldal. Kvalfestivalen i Skogsvåg
  • 2003 Torgdagen i Bergen v/leiar Bjørn Breilid
  • 2004 Anita Andreassen. Kystkulturdag på Trellevik kystkultursenter
  • 2005 Veteranbåten Oster. Torgdagen i Bergen
  • 2006 Trellevik Kystkultursenter, Nils M. Vardøy. Hordakyststemnet på Trellevik kystkultursenter
  • 2007 Askøystrilane, Leon Fauskanger. Minnekonserten til Johannes Kleppevik i Grieghallen.
  • 2008: Einar Matre og Terje Skorpen eldsjelane bak «Seladon” Smedholmen, Fitjarøyane
  • 2009: Fjell Kystlag. Torgdagen i Bergen
  • 2010: Fonnesdagane på Austerheim ved Anny Sognnes og resten av kystdag-komiteen. Fonnesdagane, Austrheim
  • 2011: Bømloteateret. Mostraspelet
  • 2012: Dag Lindebjerg. Coast-Alivekonferansen i Bergen.
  • 2013: Vegard Bakka, utdelt under Fjord-Steam
  • 2014: Nils Harald Lie
  • 2015: Arne Høyland

Ein kan føreslå kandidatar gjennom heile året med ein siste frist 1.april kvart år. Det er høve til å koma med framlegg på same kandidat fleire gonger, det er nye vurderingar kvart år.

Framlegget skal stilast til Sund kommune, Kultureininga, Pb 23, 5371 Skogsvåg

 

2011 Bømloteateret.Mostraspel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *