Bygdeboka

SUND PÅ SØRE SOTRA
Gards- og slektssoge i fem band

Band 1, 2, 3 og 4 av Sund på søre Sotra  kan kjøpast hjå bokhandlaren, på biblioteket i Sund, eller på fagbokforlaget.no

 

framside-band-5-jpegBokslepp band 5:

Det vert bokslepp i ungdomshuet Vaagheim i Skogsvåg torsdag 24. november kl. 1800.

 

Skann fra Xerox Workcenter 7835 - Servicekontoret.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Band 4

11988525_1044418028921761_6797915172558847499_n

 

Nokre smakebetar frå band 4:

55100

Thorvald på Tuo har vore fiskar heile livet og er enno ute i båt og fiskar ein gong på 1960-talet. Gullfisk er ein av båtane som Thorvald og broren Alfred har brukt til fiske. No er det andre i familien til Thorvald som tek vare på den flotte båten, som i si tid fekk ei utmerking på ei fiskeri-messe for sin flotte utsjånad.

 

66104

Kåre og Doris Stikholmen som nygifte bak styrhuset på M/S «Eystein».

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Band 3bygdebok_band_3
Boka er ei gards- og slektssoge, og opplysningane i boka begynner på 1500-talet og er førte fram til 2014. Band 3 har om lag 650 sider og inneheld rundt 1200 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho omhandlar alle bustadene på matrikkelgardane nord på Toftarøyna, Stranda, Vorland og Kausland.

Band 2
Opplysningane i boka begynner på 1500-talet og er førte fram til 2013. Band 2 har 620 sider og inneheld om lag 900 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho handlar om alle bustadene på matrikkelgardane Kleppevik, Kleppe, Forland, Sæle, Hummelsund, Vikso, Vardøyna, Opsøyna, Tyrnevika og Trellevika.

I denne boka kan du lesa mellom anna om Johannes Kleppevik og slekta hans, om Loyal, om båtbyggjeria på Forland og Kleppe, om eit mord på Forland og ei magnetmine som eksploderte inne i eit naust, og om Lysekloster, som i mange år eigde mykje av området som er omtala i dette bandet. Ingen andre bygdebøker i Hordaland har ført slektsopplysningane heilt fram til 2013!

   Gjer Sund på Søre Sotra til eit samtaleemne!

 

Støtt arbeidet med å kjøpa boka – direkte på boksleppet, på biblioteket i Skogsskiftet eller direkte hos bygdeboknemnda!

Sjå også: Facebook Bygdebok for Sund, https://www.facebook.com/pages/Bygdebok-for-Sund/181592351871004

 

Band 1, 2 og 3 av Sund på søre Sotra  kan kjøpast hjå bokhandlaren, på biblioteket i Sund, eller på fagbokforlaget.no.

Fagbokforlaget omtalar boka slik:

«Sund på søre Sotra», ja, slik er kommunen Sund plassert, på den sørlege delen av øya Sotra vest for Bergen. Boktittelen er henta frå songen til Johannes Kleppevik, sjå baksida. Sund var tidlegare eit øy- og kystsamfunn der sjøen spelte ei viktig rolle, ved sida av det gardsbruket kunne gje. Det er eit heilt anna samfunn me møter i våre dagar. Bruer og vegar er bygde, og det har kome varierte arbeidsplassar og service- og kulturtilbod. Overgangen frå det gamle fiske- og jordbrukssamfunnet har gått stegvis. Denne boka er ei gards- og slektssoge, og vil på sin måte gje glimt av denne forvandlingsprosessen. Band 1 inneheld om lag 800 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho handlar om alle bustadene på matrikkelgardane Tyssøyna, Bjelkarøyna, Bukken, Lerøyna, Sund prestegard, Nygård, Limavågen, Børnesvågen, Nedre Børnes, Øvre Børnes, Førde og Høyland. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdelen av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå midten av 1600-talet er det mogleg å finna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går tilbake til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2012.

HEIMESIDE




NYHENDE Namnestrid:
Strida om normering av personnamn i bygdeboka har fått mykje merksemd. Kanskje har det ført til at enda fleire no veit at ein er i gong med arbeid med bygdebok for Sund?

Sjå kva BT skreiv om saka. Namnestrid bt artikkel ved john lindebotten

NYHENDE Innsamling av småhistorier til boka: Bygdeboka skal innehalde ein del småhistorier og anekdotar. På 80-talet gav kulturkontoret i Sund ut eit lite hefte med slike småhistorier.

Viss du har ei forteljing, gamal eller ny,  som du kan tenkje deg å dele i boka så blir vi takksame for at du sender ho inn til oss.

Døme:  Historie om losane.
Ei hollandsk seglskute forliste utanfor i brenningane mellom Tekslo og
Glesnes. Me har ikkje heilt nøye staden. Det var berre ein av losane,
Thommes Warøen, som hadde sett segla av skuta søranfor Marsteinen og trudde ho hadde los søranfrå. Så vart det snøkave og ingen såg meir
til skuta. Losane vart kalla inn tilforhøyr på Glesnesholmen den 31
mai 1728, for å gjere greie for tilhøva.

2 Responses to Bygdeboka

  1. Anonym says:

    Bygdeboknemnda gjer ein flott jobb. Stå på!

  2. Min oldemor og hennes barn bodde i 1874 og 1875 på matr./gnr. 83b på Glæsnesholmen i Sund. Hvor var/lå dette stedet? Jeg kan ikke finne Glæsnesholmen på Google Earth.

    Vennlig hilsen
    Finn A. Thorsen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *