Bibliotek

Sund folkebibliotek
Sund folkebibliotek finn du på Kulturtorget i Sund senter. På biblioteket kan du låna bøker, lydbøker og filmar. Vi har tilbod både til born og vaksne.
Alle bibliotek i landet samarbeider, så er det ei bok du ikkje finn i Sund folkebibliotek, kan denne tingast frå andre bibliotek. Du vil få ei melding når boka kjem til biblioteket i Sund. I biblioteket kan du og lesa aviser, få hjelp til informasjonshenting, lese kommunale sakspapirer, ta fotokopiar, surfe på internett og slappe av. Og det beste av alt – Alt dette er gratis! Sund folkebibliotek har fått trådlaust nettverk. Ein kan ta med seg sin eigen bærbare pc og bruke internett i biblioteket. Det kan vere ein fordel å kunne bruke eiga programvare og laste ned og lagre direkte på maskina. Tilgang til nettet får ein ved å få tildelt passord av bibliotekpersonalet. Tilbodet er gratis.
Meir info finn du her: Biblioteka i vest

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *