Barn og unge

Sund kommune satsar på barn og unge, også i kulturarbeidet. Eit godt kulturtilbod kan bidra til å auka livskvaliteten og helsa til barn.

Hausten 2011 laga vi ein foldar med oversikt over tilbod til barn og unge i Sund. Her treng vi hjelp til å halde informasjonen oppdatert. Gje oss tilbakemelding om tilbod som manglar, tilbod som ikkje eksisterer meir eller kontaktinformasjon som treng å bli oppdatert. Foldaren finn du i PDF-format her:  KULTUR OG FRITID

 

Sund Ungdomsråd skal fremje barn og unge sine interesser. Ungdomsrådet kan gje råd til den politiske og administrative leiinga i kommunen og ta opp saker som dei er interessert i. Ungdomsrådet i Sund har jamlege møter med ordføraren tilstades.

Har du lyst til å vere med i ungdomsrådet, eller kjenner du nokon du meiner bør få tilbod om å vera med? Kontakt hilde.k.egeland@sund.kommune.no, tel. 56327599/97178832.

Den kulturelle skulesekken (DKS) skal utvide barn og unges opplevingar og læring innan kunst og kultur. DKS skal leggje vekt på lokalkunnskap, lokal historie og identitet, kulturopplevingar i møte med profesjonelle kunstnarar innan alle kunstformer og praktiske oppgåver knytt til møter med desse.

Sund kommune mottek årleg eit tilskot frå Hordaland fylkeskommune til drift av DKS. Det er mogleg for skulane å søkje kommunen om midlar frå skulesekken.

Meir om DKS her.

Ungdommens kulturmønstring (UKM) er eit kulturtiltak for barn og unge i heile Noreg. UKM er delt inn i tre nivå: kommunemønstring, fylkesmønstring og landsmønstring. Alle som meldar seg på til kommunemønstringa får vera med. Herifrå blir det plukka ut nokre deltagarar som representerer kommunen i fylkesmønstringa.

Alle er velkomne i lokalmønstringa uansett kulturuttrykk; det kan vere dans, musikk, teater, lyrikk, foto, kortfilm, teikning, maleri osb. Sund arrangerer mønstring saman med Fjell, Øygarden og Askøy.

For informasjon og påmelding: http://www.ukm.no Facebook: UKM Vest

Sommar i vest, sommaraktivitetar for ungdom 12-18 år, starta opp i Sund sommaren 2010. Ungdom kan melde seg på ulike aktivitetar som dykking, segling, filmworkshop og paintball i laupet av skuleferien. Sommar i vest er eit fast samarbeidsprosjekt med Fjell og Øygarden kommunar. For oppdatert informasjon sjå www.ungivest.net.

Sund Rock Club blei etablert på nytt hausten 2010. Med heilt nye lokale i eit naust på Glesvær satsast det for at kommunen igjen skal få eit aktivt ungdomsmusikkmiljø.

Heimeside: http://www.sundrockclub.no Facebook: Sund Rock Club

Sund kulturskule sjå eiga side.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *