Friluftslivets år 2015

Friluftsområde annonse

Posted in Uncategorized | 1 Comment

Babysong

baby-photos-441-80x80Tid:   Måndagar kl. 13:00 – 13:45

Stad: Aktivitetssenteret i Skogsskiftet

Alder: Babyar 0-8 mnd. med vaksne

Pris:  1300 kr for eit semester, redusert kontingent ved oppstart ila. våren.

Påmelding: www.sundkultur.com/kulturskulen

Spørsmål? Kontakt Kulturkontoret

  • Babysong stimulerer alle sansane til barnet gjennom song, musikk, rytmar og regler
  • Positiv for den motoriske og språklege utviklinga til barnet
  • Babysong er eit strålande høve for den vesle og den vaksne til å bli betre kjent og få gode opplevingar saman !
Posted in Uncategorized | Leave a comment

Ungdommens KulturMønstring (UKM) 2015

LAURDAG 7. FEBRUAR KL. 14.00 I KULTURSALEN, FJELL RÅDHUS

No er det igjen tid for at kreative barn og ungdom i vår region får vise fram kva dei har på hjarta!

Kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Askøy går kvart år saman om å arrangere fellesmønstring. I år finn arrangementet stad sentralt i Fjell, og vi håpar mange publikummarar finn vegen til kultursalen på laurdag.

 

UKM er ein av landets største offentlege satsingar på ungdomskultur. Arrangementa har funne stad over heile landet heilt sidan 1985. På mønstringa får deltakarane høve til å syne fram det meste innan scenekunst, film og kunstnariske uttrykk for eit publikum. UKM er meint å gje eit breitt bilete av det barn og ungdom er opptatt av. Ein kan delta med til dømes musikk, dans, teater, film, bilete, teikning, dikt, osb.

UKM er eit nettverk av små lokale festivalar. Kvar kommune sender kvalifiserte ungdommar vidare til ei fylkesmønstring som representantar for sin kommune. Kvart fylke sender i neste omgang deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen. Juryens utveljing skjer på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet, og dei utvalde deltakarane skal spegle bredda i den lokale mønstringa. Premien for dei som går vidare er å få stå på ei enda større scene, og treffe ungdommar frå andre delar av landet. Nokon får også høve til å representere UKM som ambassadørar utanfor landets grenser.

UKM er eit viktig kulturarrangement for barn og unge, og svært mange av dei yngre profesjonelle kunstnarane vi har i Noreg har på eit eller anna tidspunkt vore deltakar på UKM. Det å vise fram eit kunstverk eller stå på ei scene for fyrste gong, kan vera ei stor oppleving, og UKM er eit glimrande forum fordi det famnar så bredt, samtidig som lyd, lys og scene er av profesjonell kvalitet.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Opning av friluftlivets år

våpengrendalagtutr

Ordføraren i Sund inviterer til kveldsmattur til lavvoen i Eide tysdag 13.januar kl 18.00.

Arrangementet skjer i samarbeid med Eidesjøen grendalag og Sund turlag.

Vi startar opp med fakkeltog frå parkeringsplassen ved ungdomshuset/Pollen skule kl 17.30.

Grendalaget og turlaget fyrer opp grillen, bålet og bålpanna. Alle må ha med seg nistepakke og evt grillmat. Det vert høve til å overnatta i eigne telt eller under presenning på scena. Ordføraren m. følgje overnattar i lavvoen. Ver kledd og skodd etter ver og føre!

Alle er velkomne til å delta i opningsmarkeringa av Friluftslivets år!

 

 

 

Posted in Folkehelsearbeid | Leave a comment

Babysong

baby-photos-441-80x80Tid:   Måndagar kl. 13:00 – 13:45

Stad: Aktivitetssenteret i Skogsskiftet

Alder: Babyar 0-8 mnd. med vaksne

Pris:  1300 kr for eit semester, redusert kontingent ved oppstart ila våren.

Påmelding: www.sundkultur.com/kulturskulen

Spørsmål? Kontakt Kulturkontoret

  • Babysong stimulerer alle sansane til barnet gjennom song, musikk, rytmar og regler
  • Positiv for den motoriske og språklege utviklinga til barnet
  • Babysong er eit strålande høve for den vesle og den vaksne til å bli betre kjent og få gode opplevingar saman !
Posted in Babysong | Leave a comment

Sølvguttene

sølvgutteneKonsert i Kollsneshallen med Sølvguttene søndag 30.nov kl 16.00. Ordinær pris kr 425. Den kulturelle spaserstokken i Sund sponsar kvar billett med kr 225. Biblioteket får hand om 40 billettar til kr 200. Meld din interesse på biblioteket og ver ein av dei 40 som får det flotte konserttilbodet til ein rimeleg pris!

Posted in Uncategorized | Tagged | Leave a comment

Johannes Kleppevik sin minnepris 2014

kleppevikJohannes Kleppevik sin minnepris vert delt ut til Nils Harald Lie på Trellevik kystkultursenter søndag 24.august. Programmet i Bygnaden startar

kl 16.00. Vel møtt til alle kystkulturinteresserte!

DSCF0720

 

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Bli med på babysong i kulturskulen!

babysong

Babysonggruppa er for babyar mellom 3 veker og 8 mnd med foreldre.

Tid/stad: Måndagar kl 13.00-13.45 på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet. Info/påmelding under KULTURSKULE
Posted in Kulturskulen | Leave a comment

Bygdeboka for Sund

sundBygdebokverket for Sund har tittelen «Sund på søre Sotra», etter ein song av Johannes Kleppevik. Gards- og slektssoga er planlagt utgjeve i fem band. Band 1 og 2 er alt på plass, band 3 kjem i november 2014 og dei to sista banda i 2015 og 2016. Banda har eit oversyn over i kva for band dei ulike gardane kjem med. Bøkene er på om lag 600 til 700 sider i stort format, og inneheld svært mange bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i bøkene. Dei tek for seg alle gardsbruka og bustadene frå 1500-talet og fram til utgjevingsåret for bøkene.

Bøkene er å få kjøpt i bokhandel, på Sund bibliotek og på servicekontoret til Sund kommune.

Du kan tinga bøkene og få dei tilsende ved å betala inn 500 kr for kvart band (skriv kva for band du vil ha) til:

Sund kommune, Postboks 23, 5371 Skogsvåg, kontonummer 3628.5675035

Tillegg for porto: 1 til 4 bøker 158 kr.

Band 1 vart utgjeve i 2012 og inneheld gardane Tyssøyna, Bjelkarøyna, Bukken, Lerøyna, Sund prestegard, Nygård, Limavågen, Børnesvågen, Nedre Børnes, Øvre Børnes, Førde og Høyland.

Band 2 vart utgjeve i 2013 og inneheld gardane Kleppevik, Kleppe, Forland, Sæle, Hummelsund, Vikso, Vardøyna, Opsøyna, Tyrnevika og Trellevika.

Posted in Bygdebok | Leave a comment

Konsert med Geirr Lystrup

Måndag 16.juni kl.17.00

kjem Geirr Lystrup til biblioteket i Sund

geirr

 

 

 

 

Gratis. Enkel servering

Arr: i samarbeid med Sund folkeakademi

Posted in Uncategorized | Tagged | Leave a comment