Vardebrenning for vern av Grunnlova

I kommunane Fjell, Sund, Askøy og Øygarden vil det sundag kveld 16. februar være vardebrenning på åtte vardar.
Arrangørane bruker denne vardebrenninga og markeringen av 200-års jubileet for Grunnlova for å varsle om vern av grunnlova og dei verdiane ho står for.
Arrangørane ønskjer at dette skal være en visuell markering til ettertanke, og inviterer og folk til å delta på sjølve vardetenninga. Ved tenning av vardane klokka søndag 16. februar kl. 20:14 inviterast folk til å være del av den nasjonale opninga av jubileumsåret som vil finne stad på Eidsvoll samstundes. Etter tenninga vert det appell og vi syng Ja vi elsker.
Det er viktig at barn blir satt i fokus også ved denne markeringa. Derfor inviterast spesielt barn og unge til å delta på vardetenninga då det er nettopp dei som skal bringe Grunnlova vidare inn i framtida.
Dette vil bli en minnerik og historisk markering i kommunane vest for Bergen. Arrangørane oppmodar folk som vil være med på vardetenninga til å møte opp på toppene i god tid. Pga. mørke er det viktig å ha med hodelykt eller lommelykt.
Arrangementet er eit samarbeid mellom ulike turlag, bygdelag, velforeiningar, ungdomsråda, kommunane og Hordaland fylkeskommune.

Desse vardane skal tennast
Fjell
• Turøyvarden – tenning av ordførar Eli Årdal Berland og fylkesvaraordfører Mona Hellesnes, leiar for komité for Grunnlovsjubileet i Hordaland.
• Bildenuten – tenning av representant frå UKS ? (namn)
• Spjeldsfjellet – tenning av barn med framandkulturell bakgrunn
Askøy
• Storevarden – tenning av fylkesordførar Tom Christer Nilsen og ?
Sund
• Veten – tenning av ordførar Nils Kåre Skoge og leder av ungdomsrådet Kaia Sandanger
Øygarden
• Langedalstua på Bakken – tenning av Steianr Hellesund, Bakken nærmiljøutval
• Dalsmarka ved Steinsvatnet – tenning av Vidar Andersen, Flåten vel
• Mildeshauen på Vik – Ordførar Otto Harkestad

 

Dette innlegget vart lagt inn i Uncategorized. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *