Sommaraktivitetar for barn og ungdom

 

Sund kommune arrangerer sommaraktivitetar for barneskuleelevar i veke 25-27. Vi har fått støtte frå Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet), og alle aktivitetane er gratis. Dei ulike aktivitetane retter seg mot ulike alderstrinn.

Trellevik - Kopibarneaktivitet
Den-lille-prinsen-bilde-3

 

 

 

PROGRAM


22.-24. juni:  
Vikingdagar på Trellevik kystkultursenterkano

Alder: født 2003-2006
Oppmøte: Trellevik kl. 10.00, ferdig kl. 15.00

Tre dagar med ulike vikingaktivitetar som fekting, pil og boge-skyting på blink, leiker,
spel, kostyme og mykje moro.
Dei som vil kan padle i kano, fiske frå brygga og leike i fjæra.
Vi serverer vikinginspirert lunsj i det fri, og alle
får frukt og vatn.

Det er plass til 50 deltakarar kvar dag. Du kan
melde deg på alle tre dagane, men ved stor
pågang vil vi prioritere at alle får delta på minst
éin dag.

LINK TIL PÅMELDING
Dag 1: https://www.deltager.no/trellevik_dag1
Dag 2: https://www.deltager.no/trellevik_dag2
Dag 3: https://www.deltager.no/trellevik_dag3

 

27. juni
Sjø- og fiskedag i Skjergardsheimen

Alder: født 2008-2009
Oppmøte: Skogsskiftet kl. 09.00. Retur frå
Skjergardsheimen i Øygarden kl. 15.00

Ein heil dag med båttur, fisking og leik i fjæra.
Vi lagar lunsj på grillen av fisken vi har fanga.
30 plassar.

LINK TIL PÅMELDING
https://www.deltager.no/skjergardsheimen

 

28. juni
Kino og Peppes

Alder: født 2003-2005
Oppmøte: Skogsskiftet kl. 10.30. Vi tek rutebuss
kl. 10.40. Retur frå Straume kl. 14.07

Vi et pizza på Peppes før vi ser filmen «Robinson Crusoe».
40 plassar.

LINK TIL PÅMELDING
https://www.deltager.no/robinson

 

29. juni
VilVite 

Alder: født 2006–2008
Oppmøte: Skogsskiftet kl. 9.30. Vi tek rutebuss
kl. 9.40. Retur frå Straume kl. 13.07

Vi drar til VilVite på Straume. Her skal vi
utforske, lære, konkurrere og ha det gøy.
Alle får enkel lunsj med brødmat.
40 plassar.

LINK TIL PÅMELDING
https://www.deltager.no/vilvite

 


30. juni
Kino og Peppes

Alder: født 2006-2007
Oppmøte: Skogsskiftet kl. 10.30. Vi tek rutebuss kl. 10.40. Retur frå Straume kl. 15.07

Vi reiser til Sartor, et god pizza på Peppes og ser filmen «Den lille prinsen».
40 plassar.

LINK TIL PÅMELDING
https://www.deltager.no/prinsen

 

1.juli
Kino og Peppes

Alder: født 2008-2009
Oppmøte: kl. 10.00 i Skogsskiftet, retur frå
Straume kl. 14.30

Vi reiser til Sartor, et god pizza på Peppes og
ser filmen «Kjæledyrenes hemmelige liv».
30 plassar.

LINK TIL PÅMELDING
https://www.deltager.no/dyrene

 

4. juli
Actiondag på Dale Oen-senteret

Alder: født 2003-2005
Oppmøte: Skogsskiftet kl. 08.00 med retur frå
Øygarden kl. 14.30

Ein spanande dag på Dale Oen-senteret i
Øygarden. Her blir det ulike aktivitetar, god
stemning og gode opplevingar for alle.

Kle deg etter vêret, ta med byttekle og handduk, det er stor sjanse for at du blir våt!
20 plassar.

LINK TIL PÅMELDING
https://www.deltager.no/dale_oen

 

 

Sommaraktivitetar for ungdom (12-18 år) 

Sommaraktivitetane for ungdom (12-18 år) er eit samarbeid mellom Sund, Fjell og Øygarden kommunar.
For program og påmeldingsinfo sjå http://www.ungivest.net

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *