ARKIVSAK: SOMMARAKTIVITETAR FOR BARN 2017

Sund kommune arrangerer sommaraktivitetar for barneskuleelevar i veke 25-27.
Vi har fått støtte frå Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet), og alle aktivitetane er gratis. Dei ulike aktivitetane retter seg mot ulike alderstrinn.

PROGRAM

Fredag 23. juni
Kinotur til Straume

Alder: fødd 2008-2010
Oppmøte: Skogsskiftet kl. 11.00. Vi er tilbake i Skogsskiftet ca. kl. 14.20.

Vi et burger og pommes frites før vi ser filmen
Richard Storken.
30 plassar.

Påmelding: https://www.deltager.no/kino_23062017

 

Måndag 26. juni
Trellevik Kystkultursenter

Alder: fødd 2004-2007
Oppmøte: Trellevik kl. 10.00, ferdig kl. 14.30.

Det blir vikingaktivitetar som fekting, pil og boge-skyting, leiker, spel og kostyme.
Kanopadling, leik i fjæra, og viss vi er heldige får vi båttur i Havegga.
50 plassar.

Påmelding: http://www.deltager.no/vikingdag_pa_trellevik_26062017

 

Tysdag 27. juni
Kystmuseet i Øygarden

Alder: fødd 2008-2010
Oppmøte: Skogsskiftet kl. 09.00.
Vi er tilbake ca. kl. 14.40.

Aktivitetsdag på Kystmuseet med pil og bogeskyting, smiing, kano, rebus m.m.
30 plassar.

Påmelding: http://www.deltager.no/kystmuseet_i_oygarden_27062017

 


Onsdag 28. juni
Actiondag på Dale Oen-senteret

Alder: fødd 2004-2007
Oppmøte: Skogsskiftet kl. 9.00. Tilbake ca. kl. 15.20.

Ein spanande dag på Dale Oen-senteret i
Øygarden. Forskjellige aktivitetar, god
stemning og gode opplevingar for alle.

Kle deg etter vêret, ta med byttekle og handduk.
20 plassar.

Påmelding: http://www.deltager.no/actiondag_pa_dale_oen-_senteret_28062017

 


Torsdag og fredag 29. og 30. juni
Smaksverkstad i Sund

Alder: fødd 2004-2007 (29. juni)
og fødd 2008-2010 (30. juni)

Oppmøte på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet kl. 11.00. Ferdig kl. 14.00.

Bli med Smaksverkstedet på Wrap-Battle!
Vi har med spanande ingrediensar, ei stor dæsj matglede og lærar deg å lage den beste wrap’en i byen.

Det blir quiz, gøyale leiker og fruktig dessert.
PS. Her er det lov til å leike med maten!

15 plassar.

Påmelding 29.06: http://www.deltager.no/smaksverkstad_-_aktivitetssenteret_i_skogsskiftet_29062017

Påmelding 30.06: http://www.deltager.no/smaksverkstad_-_aktivitetssenteret_i_skogsskiftet_30062017


Måndag 3. juli
Kunstskule

Alder: fødd 2004-2007
Oppmøte: Skogsskiftet kl. 9. Vi er tilbake ca. kl. 14.45.

Vi reiser med buss til Aslaugs kunstskule i Bergen sentrum. Måling, teikning og skulptur. Lag kunstakvarium med fiskar og havorganismar, dykkarar, havfruer og havmonster.

Ha på kle og sko du ikkje er redd for!
13 plassar.

Påmelding: http://www.deltager.no/kunstskule_i_bergen_03072017

 

Tysdag og onsdag 4.-5. juli
Filmverkstad i Sund

Alder: fødd 2004-2007

Oppmøte: Aktivitetssenteret i Skogsskiftet
kl. 10.00. Ferdig kl. 14.00.

Vi lagar film! Planlegging, filming og redigering.
NB: Kurset varer i to dagar, og du forpliktar deg til å delta begge dagane.

15 plassar.

Påmelding: http://www.deltager.no/filmverkstad_-_aktivitetssenteret_i_skogsskiftet_04072017

 

Torsdag 6. juli
Kinotur til Straume

Alder: fødd 2004-2007
Oppmøte: Skogsskiftet kl. 11.00. Vi er tilbake i Skogsskiftet ca. kl. 14.20.

Vi et burger og pommes frites før vi ser filmen Milo—månens vokter.

40 plassar.

Påmelding: http://www.deltager.no/kino_06072017

Dette innlegget vart lagt inn i Uncategorized. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *