Musikkgruppe for småbarn

Sund kulturskule starter opp ei småbarnsgruppe frå august.

SMÅBARNSGRUPPEsmåbarn

Alder/nivå: 2 – 4 (5) år

Dag og tid: torsdagar kl. 17:00-17:45

Stad: Aktivitetssenteret i Skogsskiftet

Varigheit: Undervisningsåret går over 35 veker

Oppstart – haust: veke 35, vår: veke 2

Pris: 1300,- per semester

Lærar: Olena Svatyeva

Påmelding til Sund kulturskule: www.sundkultur.com/kulturskulen

 

            Innhald:

  • song
  • bevegelse
  • lytting
  • spel på rytmeinstrument

Barnas verd er fylt med leik og musikk i kvardagen. Denne leiken har ord, rytme og bevegelsar.  Vi gir barna anledning til å utforske og uttrykke seg gjennom leik og musikk og vera saman med andre barn i ein spannande atmosfære.

 Alle barn er født musikalske. Ved å synge og danse med barn i tidleg barndom, stimulerer vi  musikkgleda og barnet si musikalske utvikling. Musikkaktivitetar rører fleire sider ved barnets utvikling og omfattar balansesansen, motorisk utvikling, høre- og berøringssansen. Gjennom musikalsk leik blir fantasi og kreativitet styrka. Songaktivitetane bygger på bruk av barna sine eigne idear. Vi har fokus på ei heilskapleg utvikling hos barnet og ei koseleg musikkstund i samspel med  foreldre og andre vaksne.

Info om småbarnsgruppe

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *